Koordinerande eining (KE) i Stryn kommuneLytt til tekstenStopp avspillingKoordinerande eining samordnar tenester for brukarar som har to eller fleire tenester frå kommunen. Koordinerande eining: skal ha oversikt over tenester som eksisterer i Stryn kommune formidle kontakt med dei som er aktuelle for deg er ein stad å vende seg til for deg som mottek tenester, tenesteytarar og samarbeidspartnerar sikre at dei ulike tenestane du får fungerer saman at du får vere med å bestemme kva som er det beste for deg Personar dette kan vere aktuelt for: som på grunn av skade eller sjukdom har eit brått fall i evna til å fungere i dagleglivet som treng hjelp frå fleire tenesteområde for å kunne fungere optimalt som har gradvis fall i funksjonsevne over lengre tid med medfødt funksjonssvikt med fysiske, psykiske eller sosiale vansker som treng hjelp til å planlegge/ meistre nye situasjonar i livet Har du behov for langvarige og koordinerte tenester, kan du å få utarbeidd ein individuell plan. Det vert då oppnemnt ein koordinator for dine tenester. Tenestene skal vere ut frå brukaren sitt behov samordna, tverrfagleg og planmessig i/nær brukaren sitt vande miljø meiningsfulle for brukaren Publisert avACOS System Sist endra04.05.2022 13.36