Følgjekort for funksjonshemma

Ordninga med følgjekort er for funksjonshemma som har behov for følgje eller assistanse for å gå for eksempel på kino, teater, konsert idrettsarrangement, symjehall eller reise kollektivt.

Følgjekortet gir deg rett til å ha med ein assistent som slepp å betale for billetten sin.

Ordninga skal vere eit verkemiddel for å førebyggje isolasjon og dermed medverke til å auke livskvaliteten for den funksjonshemma. Ordninga omfattar personar som har ei funksjonshemming som vil vare i minst 2-3 år.

Kvar gjeld kortet?

Følgjekortet skal gjelde i heile landet der arrangørar, transportselskap eller institusjonar som krev inngangspengar har akseptert ordninga. Ein må sjølve undersøke om kortet vert akseptert på den aktuelle staden.

Les meir om denne ordninga på HelseNorge.

 

Søknadsskjema (digitalt)

Søknadsskjema (PDF, 182 kB)

(må skrivast ut, utfyllast og leverast til Servicekontoret, Tonningsgata 4, 6783 Stryn).

Kontakt

Tenesteleiar for funksjonshemma
Telefon 450 77 044


Besøksadresse:
Myrane 18
6783 Stryn