Flaumsonekartlegging i Olden og Loen
Sunnfjord Geo Center har på oppdrag av Stryn kommune utført flaumsonekartlegging for deler av Oldenvassdraget og Loenvassdraget. Flaumsonekarta er gjort i samsvar med TEK17, og er delt inn etter tryggleiksklassane F1, F2 og F3. Det kartlagde området i Loenvassdraget er den om lag 3 km lange strekninga frå Lovatnet til utløpet av Lobukta. I Oldenvassdraget er strekninga mellom Floen og Oldebukta, strekninga mellom Oldevatnet og Floen, og i tillegg heile elvestrekninga frå Briksdalen til utløpet i Oldevatnet kartlagt.
Sist endra 12.11.2024 12.37