Stryn kulturskule elevbetaling og leigepris
Prisar for Stryn kulturskule 2025
Faktura vert sendt ut etter kvart semester (to gongar pr år).
Moderasjon i elevavgift
Elevar frå same familie få moderasjon, barn med den dyraste ordninga betalar full sats
- 15% moderasjon til barn 2 og 3
- 20% moderasjon til barn 4 og fleire
- Ikkje moderasjon på lågterskel tilbod eller gruppeundervisning
Det er høve til å melde seg på fleire fag i kulturskulen. Eleven får då fleirfags-moderasjon (same % som søskenmoderasjon)
Refusjon
Misser eleven undervisning grunna lærar sitt fråvær, kan inntil to-2 timar per semester falle bort utan at det vert sett inn vikar. Dersom fleire enn to-2 timar fell bort per semester, får eleven fråfrag i elevavgifta. Eleven får ikkje frådrag for eige fråvær (unnateke når permisjon er innvilga av lærar).
Instrumentleige, noter og materiell
Kulturskulen leiger ut instrument. Prisane varierer etter kva type instrument det gjeld. Med atterhald om at det er ledige instrument. Nybyrjarar vert prioritert. Instrumentelevar må rekne med utgifter til notar og materiell. Danseelevar kostymeavgift og kunstelevar materialavgift.
Sist endra 07.02.2025 10.49