Folkehelsearbeidet er forankra i Folkehelselova, som gjev kommunane eit stort ansvar. Alle sektorane i kommunen, ikkje berre helsesektoren, har ansvar for folkehelsearbeidet. Samarbeid med frivillig sektor er ein vesentleg del av folkehelsearbeidet. Det same gjeld ein god del aktørar innan privat sektor. «Helse i alt vi gjer» er eit viktig prinsipp for alle instansar og i all samhandling om arbeidet for god folkehelse. Vi veit at ressursar i helse er ulik fordelt, og at menneske har ulik tilgang på goder. Ein stor del av ulikskapen er sosialt konstruert, og kan utjamnast med politiske verkemiddel. Ved å vere bevisst årsaker til sosial ulikskap kan vi setje inn tiltak som bidreg til at alle for lik tilgang til utdanning, inntekt, bustad og god helse. Kommunen er pålagt å lage eit oversiktsdokument over helsetilstanden i kommunen og påverkande faktorar.
Stryn skal vere ein kommune der alle opplever å høyre til, trivast, kjenne seg trygge, og har høve til å utvikle seg. Kommunen vil legge til rette for positive levevaner og fremje faktorar som gjev innbyggjarane god fysisk og psykisk helse.
Folkehelserådgjevar skal stimulere til, koordinere og vidareutvikle tiltak for styrking av folkehelsa.
Folkehelserådgjevar er Jannike Sunde
jannike.sunde@stryn.kommune.no
Grunnlagsdokument for folkehelse
2023-2027: Grunnlagsdokument for folkehelse (PDF, 3 MB)
2019-2023: Grunnlagsdokument for folkehelse (PDF, 3 MB)
2015-2019: Folkehelseoversikt (PDF, 5 MB)
Folkehelselova