Folkehelse handlar om levekår, trivsel og livskvalitet. Det handlar om å førebyggje og unngå sjukdom, men også mykje meir: Korleis vi har det - heime, ute blant folk, i barnehagen, på skulen, på arbeid, ja over alt. Vi treng fellesskap med andre, og vi treng å fylle dagane våre med meining, enten vi er unge eller gamle. Vi treng arbeidsplasser, utdanningsmoglegheiter, gode barnehagar og sjukeheimar, idrett-/kultur- og fritidsaktivitetar, trygge og helsefremjande lokalmiljø, inkluderande fellesskap, frisk luft og reint vatn.
God helse er å ha overskot til å meistre kvardagens krav. Folkehelsearbeidet er samfunnet sin samla innsats for å påverke det som fremjar og held ved like god helse. Det er langsiktig og systematisk samfunnsutviklingsarbeid retta mot heile befolkninga.
Folkehelsearbeidet er forankra i Folkehelselova, som gjev kommunane eit stort ansvar. Alle sektorane i kommunen - ikkje berre helsesektoren - har ansvar for folkehelsearbeidet. Samarbeid med frivillig sektor er ein vesentleg del av folkehelsearbeidet. Det same gjeld ein god del aktørar innan privat sektor.
Stryn skal vere ein kommune der alle opplever å høyre til, trivast og har høve til å utvikle seg. Kommunen vil legge til rette for positive levevaner og fremje faktorar som gjev innbyggjarane god fysisk og psykisk helse.
«Helse i alt vi gjer» er eit viktig prinsipp for alle instansar og i all samhandling som arbeider for god folkehelse.
Folkehelserådgjevar skal stimulere til, koordinere og vidareutvikle tiltak for styrking av folkehelsa.
Folkehelserådgjevar i plan- og næringsavdelinga er Jannike Sunde.
Grunnlagsdokument for folkehelse (PDF, 3 MB)
Kunnskapsdokument for folkehelse (PDF, 5 MB)
Folkehelselova