Støy

Støy kan ha negativ påverknad på helse og trivsel både i form av mogleg høyrselsskade, søvnproblem og stressrelaterte helseplagar. Det kan også vere ei kjelde til redusert trivsel. Det kan vere ulikt frå sak til sak kva lovverk som gjeld, avhengig av støykjelda.

Klage på støy

Du kan klage dersom du utsettast for urimeleg støy. Først må du ta opp saka med den som forårsakar støyen for å finne ei løysing. Dersom dette ikkje fører til betring, kan du klage til rette mynde. Kven som er rette mynde kan variere avhengig av kjelda til støyen. 
For å finne ut kven som er rette mynde, sjå: Støy og støyregelverket - miljodirektoratet.no
 

Miljøretta helsevern

Stryn kommune er ein del av det interkommunale samarbeidet på miljøretta helsevern. Dette betyr at det er Folkehelseavdelinga i Kinn som har ansvar og vedtaksmynde for heile området på miljøretta helsevern. Dersom du utsettast for støy som gjer deg helseproblem, kan du kontakte Folkehelseavdelinga i Kinn. 
Sjå Støy - Folkehelseavdelinga for meir info.
 

Kva kan ein klage på?

Her er nokre eksempel på kva du kan klage på:

Støy frå tekniske installasjonar, til dømes varmepumper, kjøleanlegg eller ventilasjonsanlegg hjå bedrifter.

Støy frå bedrifter eller industri.

Støy frå bygg- og anleggsverksemd.

Støy frå idrettsanlegg.

Støy frå utestadar, musikkanlegg og konsertar.

Fly- eller helikopterstøy. Gjeld klagen enkeltepisodar må du ta direkte kontakt med dei som støyar, til dømes Avinor. Elles er Luftfartstilsynet rette mynde.

Kommunen handsamar ikkje klagar på nabostøy, til dømes støy mellom leilegheiter. Her må du kontakte naboen, sameiget/burettslaget, eventuelt politiet.

Støy frå menneske i offentleg rom, til dømes parkar, sentrumsområde og/eller leikeplassar etter kl 23, rettast til politiet på telefon 02800.
 

Kartlegge støy

Har du behov for å måle eller kartlegge støy, må du kontakte eit firma med kompetanse innan støy, akustikk og vibrasjon.