Aktivitetar i Stryn frivilligsentral

  

Har du lyst å gjere noko for andre?

Frivilligsentralen har som føremål å stimulere enkeltpersonar og grupper til frivillig arbeid. Stryn Frivilligsentral skal vere ein pådrivar for frivillige tiltak og arbeide for å utvikle gode samarbeidsmodellar mellom frivillige og offentlege etatar.

Frivilligsentralen er eit supplement til dei offentlege omsorgstenestene og det etablerte organisasjonsarbeidet.

Vi byggjer på eit kristent/humanistisk menneskesyn. Likeverd mellom hjelpar og brukar er eit viktig prinsipp for oss.

Stryn frivilligsentral er ei sjølvstendig stifting (organisasjonsnr. 980 980 871). 20 lokale lag og foreiningar har gått saman med Stryn kommune om oppretting av denne stiftinga. Frivilligsentralen har dagleg leiar i full stilling. I 2017 vart det utført 8860 frivillige timar i sentralen av nær 300 frivillige.

Aktivitetar på Omsorgsentra er akkurat no lagt i bero, dette gjeld Mimre og Dans på Vikane omsorgsenter og Kaffistova og Dans på Stryn omsorgsenter. Det gjeld også Søndagskafeen for utviklingshemma.
 

Eldre

  • Koordineringsnemnd for ulike aktørar innan eldreomsorga

  • Mimregruppe ved Vikane omsorgssenter

  • Dans på Vikane omsorgssenter

  • Kaffistova, kafe for eldre på Stryn omsorgssenter

  • Dans på Stryn omsorgssenter

  • Matkøyring ut frå Stryn og Vikane omsorgssenter

  • Turgruppe frå Triangelen

  • Seniornett /"Dataklubben" (open for alle)

  • Sykling uten alder "Rett til vind i håret i Stryn kommune"

  • Syklar både i Vikane og Stryn sentrum
     

Barn og Ungdom

  • Nattevandring vår og haust

  • Aktivitetsklubben i Triangelen, laurdagsklubb for barn i grunnskulen

Personar med nedsett funksjonsevne

  • Søndagskafe i Triangelen

  • Boccia (ønskjer å starte opp igjen)
     

Ta kontakt dersom:

  • Du vil vere med på noko av dette

  • Du vil ha meir informasjon

  • Har ein god ide



Stryn frivilligsentral si nettside

frivillig.no