Stryn kommune har, gjennom gåve frå Moods of Norway, ein minibuss til leige. Kapasiteten er 16 seter eller plass til to rullestolar og 12 seter.
Moodsbussen blir nytta til turar og transport av brukarar av pleie- og omsorgstenestene, men bussen kan også leigast av frivillege lag og organisasjonar. Det er utarbeidd eige regelverk for leige av bussen.
Det er Kåre Bruvoll Alme, leiar av kulturhuset, som står for administrasjon av bruken og utleige av bussen.
Telefon: 909 70 853
E-post: kare.bruvoll.alme@stryn.kommune.no
Sist endra 23.05.2024 11.19