Årsmelding 2024
Stryn kommune har mange verksemdområder som også skal driftast og utviklast kvar dag heile året uavhengig av ekstraordinære situasjonar. For å utvikle Stryn Kommune vidare er det særs viktig at kommunen sine planar er oppdaterte. Vi er forsinka på dette området og det må prioriterast vidare i året som kjem. Vi har arbeidd mykje med kommunedelplanen sin samfunnsdel med verknad til 2035. Her var det brei involvering i alle bygdelag og enda opp som Fagre Stryn 2.0. Denne planen peiker retning i prioritering av saker.
Økonomi
Årsrekneskapen for Stryn kommune for 2024 viser eit negativt netto driftsresultat på 15,3 millionar kroner. Det er vi sjølvsagt ikkje nøgde med. Vi opplevde negative avvik i høve til regulert budsjett både innanfor lønsområdet og driftskostnader forøvrig. Kommune-Norge opplevde ein vesentleg svikt i skatteinntektene andre halvår og sjølv om skatteinngangen i Stryn var bra i 2024, med vekst som forventa, medførte den generelle skattesvikten lågare frie inntekter enn forventa. Økonomisk handlingsrom er avgjerande for å kunne oppretthalde og vidareutvikle tenestetilboda til innbyggjarane i kommunen. Handlingsrommet er gjenspegla i disposisjonsfondet. Vi får som følgje av resultatet i 2024 eit redusert handlingsrom i tida som kjem.
Vi har dessverre aukande sjukefråvær. Dette medfører stor auke både i direkte og indirekte lønskostnader samt slitasje på personell som står i denne situasjonen. Vi har likevel klart å redusere vikarkjøp, men har auke i bruken av eigne vikarar og overtid.
Det er gledeleg at folketalet i Stryn syner vekst også dette året. Ved inngangen til 2025 var vi 7.311 innbyggjarar i Stryn kommune. Innbyggjartalet er den viktigaste indikatoren på at vi kan få til vekst og utvikling i Stryn kommune. Går ein bak tala i veksten ser vi at fødselsoverskotet er stigande i 2024.
Vi har mange viktige oppgåver som står i kø og må løysast. Det er eit forventningsgap mellom innbyggjarar og besøkande til kommunen som vi må arbeide for å redusere.
Miljø og berekraft
Stryn kommune merkar godt at miljø og berekraft vert meir og meir ein del av kvardagen vår. Dette gjeld både innan lover og reglar, direktiv, planarbeidet, saksbehandlingsprosessar, utdanning, klimatiltak, kapasitet og infrastruktur på rein energi og ladestasjonar - for å nemne noko. I sum verkar dette inn på alt vi arbeider med. Vi har prioritert sertifisering som Miljøfyrtårn som ein del av dette arbeidet. Kommuneadministrasjonen (3. etasje) vart sertifiserte i februar 2024 og vi er godt i gang med Oppvekst som vil vere ferdig sertifisert i 2025. Det er lagt ein plan for det vidare arbeidet knytt til Miljøfyrtårn.
Kommunikasjon, informasjon og samfunnskontakt
Vi har frå hausten ‘21 jobba ein del med å utvikle kommunikasjonen både med politikarar og samfunnet. Vi er opptekne av å ha ein open dialog og informere både politikarar og innbyggjarar om saker og tiltak det vert jobba med. Det er viktig å få tilbakemeldingar slik at vi i størst mogleg grad kan samhandle om viktige tiltak for vekst og utvikling i heile kommunen. Konkrete tiltak som er gjennomført er at kommunedirektøren eller fagpersonar har ein eigen sekvens på kvart formannskapsmøte og / eller kommunestyremøte med informasjon. Samforum – samhandling med næringsorganisasjonar og Stryn næringshage - med faste møter, fungerer no godt. Vi stiller opp etter behov i ulike fora som partimøter, «Innom» (uformelt frukostmøte for alle næringsdrivande i kommunen), opne fagmøter og møter i bygdeutviklingslag. Servicekontoret yter kvar dag tenester til innbyggjarar og besøkjande som treng hjelp frå Stryn kommune.
I tillegg arbeider vi kontinuerleg med å forbetre våre kommunikasjonskanalar.
Organisasjon
Vi har i 2024 prioritert arbeid med sjukefråvær som nummer 1 og arbeidet fortsèt i 2025. Dette er viktig for tenesteleveransen og gjennomføringsevna vår. Eit gjennomgåande tiltak er tydlegare rolleklarheit. Rekruttering er eit anna viktig område som vi arbeider mykje med. Det er avgjerande viktig at vi klarer å rekruttere motiverte medarbeidarar i alle deler av verksemda.
Vi har arbeidd mykje med organisasjonstilpassing og utvikling dei siste åra. I 2024 har hovudfokus vore stabilisering, meistring og rolleavklaring. Vi er også opptekne av å effektivisere prosessar både i arbeidsmåte og å ta i bruk ny teknologi. Dette er ein kontinuerleg prosess. Vi starta opp fleire viktige prosessar som til dømes «TØRN», «Helse i arbeid» og «Heiltidskultur» som eg forventar vil ha god effekt framover.
Det er mange flinke folk i Stryn kommune som går på jobb kvar dag for å gjere det beste dei kan for innbyggjarane i kommunen. Ikkje alt er like synleg for alle. Eg har stor respekt for den jobben dei tilsette gjer kvar dag og håper at innbyggjarane gjer det same.
Eg vil også takke alle som har slutta i 2024 for innsatsen.
Det vert viktig at vi framover klarer å prioritere rett og arbeide klokt innanfor dei råmene vi har. Framtida vil kreve endring og omstilling.
Kommunedirektøren vil takke alle tilsette, folkevalde og særleg ordførar samt engasjerte innbyggjarar for godt samarbeid.