Årsmeldinga 2025 inneheld både lovpålagt informasjon og oversikter/informasjon administrasjonen meiner er interessant og som belyser aktiviteten i organisasjonen i 2025 – i tillegg til utviklingstrekk og utsikter framover.
Årsmeldinga forklarer og belyser dei sentrale samanhengane i kommunen sin aktivitet både overordna og for kvar sektor og tenesteområde.
Som innhaldsregisteret viser, er årsmeldinga omfattande, der ein også har valt å inkludere fyldig årsrekneskapsinformasjon i siste del av meldinga.
Oppfølgings- og rapporteringsverktøyet «Framsikt» er nytta også for 2025. Verktøyet er heile tida i utvikling, men innhaldet i årets årsmelding er godt gjenkjenneleg frå 2024-utgåva.
Det er ikkje laga PDF-versjon av årsmeldinga og årsrekneskapen. Lenger nede i dokumentet finn du lenka til web-versjonen i «Framsikt». Vedlagt finn du også revisjonsmeldinga som viser at årsrekneskapen for 2025 er godkjend og at årsmeldinga er gjennomgått og lesen av revisor utan merknader.
Vurdering:
2025 var eit relativt «normalt» driftsår for kommunen. På tross av to rentereduksjonar frå Norges Bank gjennom 2025, er nivået fortsatt høgt med ei styringsrente på 4,25% frå september 2025 – og dette påverkar kommuneøkonomien. Prisstigninga var tredje året på rad over 3% - eit nivå som har fortsett inn i 2026 og inneber stor fare for at renta blir sett opp iløpet av inneværande år. Det er fortsatt stor internasjonal uro og usikkerheit som pregar og påverkar også den norske kommune-økonomien.
Sjølv om flyktningstraumen til Norge er redusert, busette vi 35 i 2025. Arbeidet med oppfølging og integrering av flyktningar er viktig og omfattande og skapar ekstra trykk på bustadkapasiteten, oppfølging i barnehage, skule og helsetenester.
Endringar i fordelinga av rammeoverføringane frå Staten til kommunane frå og med 2025 medførte ei god betring for Stryn med eit varig løft i inntektsnivået. Ein god skatteinngang og stor skattevekst var også ein viktig bidragsytar til at året økonomisk sett kom greitt ut for Stryn sin del i 2025.
Kommune-Norge kom godt ut av 2025 når ein ser på resultatoppnåing. Stryn presenterte eit netto driftsresultat på pluss MNOK 3, som er ei god og nødvendig forbetring frå 2024. Likevel er resultatet vesentleg dårlegare enn gjannomsnittet i kommune-Norge og målsetningane er langt større enn som så. Strukturert arbeid med omstilling, effektivisering og redusert kostnadsnivå er igangsett i 2025 og vil ha forsterka fokus i 2026.
Saksutgreiing til kommunestyret
Årsmelding Stryn kommune 2025 digital versjon