Reglar og retningslinjer for kommunale garantiar Stryn kommune.
Retningslinjer for Stryn kommune ved kommunale lånegarantiar:
1. Alle søknader må innehalde
- Årsrekneskap for dei siste 2 åra
- Årsbudsjett for gjeldande år, ev også langtidsbudsjett
- Budsjett som syner beteningsevne etter låneopptak
- Vedtekter for verksemda
- Søknad med formål, ønska tidshorisont og beløp
- Oversikt over prosjekt det søkast garanti til, med planar, teikningar og finansieringsplan
- Kopi av lånetilsegn frå banken
2. Søkjarar som kjem under definisjonen næringsverksemd i kommunelova §14-19 vil få avslag.
3. Kommunen står fritt til å bestemme tidsavgrensing jf. Forskrift § 3.
4. Tidlegare gjeve kausjon/garanti betyr ikkje automatisk at ny kausjon/garanti vert gjeve ved ny søknad.
5. Stryn kommune stiller som hovudregel simpel kausjon. Sjølvskuldnarkausjon vert stilt berre der dette er føremålstenleg, og til beste for samfunnet.
6. Kausjonar/garantiar over kr. 2.000.000,- må godkjennast av Statsforvaltaren, jf. Forskrift § 4.
7. Stryn kommune pliktar å følgje EØS-reglane om offentleg støtte, der kausjon/garantiar er definert som offentleg støtte.
8. Vedtak om kommunal garanti er gyldig i to år etter vedtak i kommunestyret.
9. 5% av garantibeløpet settast av til ubunde disposisjonsfond «Garantifond-kommunale garantiar».
Sist endra 05.09.2024 11.13