Kunnskapsprøve i alkohollovaLytt til tekstenStopp avspillingDet er to typar kunnskapsprøver. Ei for salsløyve i butikk og ei for skjenkeløyve på restaurant/bar/pub. Skal du vere skjenkestyrar eller varastyrar for ein stad med sals- eller skjenkeløyve må du ha bestått kunnskapsprøva, og ha fylt 20 år. Kvar tek du prøva Prøva tek du på Servicekontoret i Stryn kommune, 3 etasje i Tonningsgata 4. Kontakt oss på telefon 57 87 47 00 for å avtale tidspunkt. Gjennomføring av prøva Dette er ei fleirvalsprøve og består av 30 spørsmål. For å få bestått må du ha 24 rette svar Du vil få 60 minutt til å svare på prøva Du får fleire forsøk dersom du ikkje greier prøva første gongen Prisen for å ta prøva er 400 kroner kvar gong Ta med gyldig legitimasjon når du skal avlegge prøva Prøva er på norsk, og det er ikkje høve til å ha med tolk. Du kan bruke norsk ordbok Pensum Pensum for salsløyve: Kunnskap om alkohollova kap. 1, 3, 7, 8 og 9 med forskrifterPensum for skjenkeløyve: Kunnskap om alkohollova kap. 1, 4, 5, 7, 8 og 9 med forskrifter. Du kan kjøpe læremateriell, kurs og tilgang til "test deg sjølv" - prøver via Vinn.no Prøvebevis Alle som består kunnskapsprøva får eit prøvebevis som er dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap om alkohollova. Ta godt vare på dette. Beviset er gyldig på ubestemt tid. Lover og forskrifter Alkohollova Alkoholforskrifta Sist endra 05.09.2024 12.11