Servering

Alle som driv serveringsverksemd der det foregår servering av mat og/ eller drikke og der det ligg til rette for fortæring på staden, må ha serveringsløyve.

Gatekjøkken må ha serveringsløyve i den grad det i tillegg til kioskvarer vert selt annan gatekjøkkenmat enn pølser og brød.

Det finst nokre unntak frå kravet om serveringsløyve, t.d. når servering ikkje skjer i næring, kantiner etter sjølvkostprinsippet for tilsette, serveringsstadar for ideelle formål m. m.

Det er ein føresetnad for tildeling av serveringsløyve til permanent lokale, at dei er godkjent for aktuell verksemd av bygningsrådet og er tilknytt godkjent vassverk. Det er også krav om at verksemda til ei kvar tid har godkjenning frå Matilsynet (vert til vanleg gjeve for inntil fire år av gongen). Firmaet skal vere registrert i Brønnøysundregisteret.

Administrering av saker om serveringsløyve ligg til helse- og sosialkontoret.
Det er Stryn kommune ved helse- og sosialutvalet som tildeler serveringsløyve knytt til eigar av verksemda og til definert lokale. Det vert på førehand innhenta uttale frå politi, skatt- og avgiftsmynde, Mattilsynet m. m.
Helse- og sosialutvalet godkjenner også styrar og avløysar.

Styrar av serveringsløyve må dokumentere godkjent etablerarprøve.
Etablerarprøva i Serveringslova set krav til kunnskap i økonomistyring og lovgiving av betydning for drift av serveringsstadar, herunder:

  •  serveringslova

  •  skatte- og avgiftslovgiving

  •  rekneskapslova

  •  konkurslova

  •  arbeidsmiljølova

  •  alkohollova

Helse- og sosialkontoret i Stryn kommune er ansvarleg for å avhalde Etablererprøva i Serveringslova. Det vert ikkje høve til å ta prøva i veke 28, 29 og 30 pga ferieavvikling.
 
Det vert avsett 90 minutt til prøva, og kandidaten har i tillegg 10 minutt til å overføre svara til 1. sida.
I likskap med Kunnskapsprøva i Alkohollova er dette også ei fleirvalsprøve. Prøva består av 50 spørsmål, av dei må kandidaten ha minst 40 rette for å bestå.

Verksemda er pliktig å melde frå om bygningsmessige endringar av serveringsarealet eller endringar av eigarsamansetnad, og må søkje godkjenning ved skifte av styrar og avløysar.

Søknad om serveringsløyve