Tilrettelagd transport (TT-kort)

Frå 1. januar 2021 er det Vestland fylkeskommune (ikkje kommunen) som skal handsame søknadar om TT-kort. 

Kven kan søkje TT kort (dør til dør-transport)?

  • Personar som på grunn av nedsett funksjonsevne har vesentlege vanskar med å nytte offentleg transport, kan søkje godkjenning som brukarar av transporttenesta. 
  • Ordninga gjeld personar over 10 år som på grunn av sjukdom eller funksjonshemming ikkje kan nytte buss.
  • Funksjonsnedsetjinga må venteleg vare i minst 2 år.

Søknaden består av to skjema: Søknadsskjema og legeerklæring. Du fyller sjølv ut søknadsskjema. Det er viktig at du grunngjev kvifor du ikkje kan nytte offentleg transport. Legeerklæringa skal fyllast ut og underteiknast av lege. Fylkeskommunen gjer vedtak i saka og du vil få melding så snart den er ferdig behandla.