Nordsida barnehage er samlokalisert med Nordsida skule og ligg på Blaksæter med flott utsikt over Nordfjorden.
Barnehagen har rundt 20-25 barn fordelt på to avdelingar.
Barnehagen har eit stort og godt tilrettelagt uteområde med gode aktivitetsmogelegheiter for barna. I tillegg brukar barnehagen ofte område i nærmiljøet.
Barnehagen og skulen er aktive innanfor entreprenørskap og knyter mykje av den pedagogiske verksemda opp til lokale ressursar både i historie og notid.
Frå barnehageåret 2023/2024 er Rand skule og barnehage slått saman med Nordsida skule og barnehage.
Barnehagen er ei avdeling organisert under Nordsida skule og barnehage.
Avdeling Rand har om lag 6 barn og er samlokalisert og i eit sambruk med Rand grendahus som ligg 29 km vest for Stryn sentrum.
Er du uroa for miljø, trivsel eller tryggleik?
Trykk her for å gå til skjemaet Meld frå om barnehagemiljø, trivsel og tryggleik
Sist endra 20.01.2026 08.41