Oppstryn barnehage er samlokalisert med Oppstryn skule og ligg på Hjelle i enden av det vakre Oppstrynsvatnet.
Barnehagen har 15-20 barn på ei avdeling.
Barnehagen har stort uteområde med gode aktivitetsmogelegheiter for barna. Den flotte naturen rundt barnehagen innbyr til turar og leik i nærmiljøet.
Barnehagen nyt godt av samlokalisering med skulen i form av gymsal, bibliotek og formingsrom, samt kjekke aktivitetar ilag med skulen.
Er du uroa for miljø, trivsel eller tryggleik?
Trykk her for å gå til skjemaet Meld frå om barnehagemiljø, trivsel og tryggleik
Sist endra 20.01.2026 08.42