Spesialundervisning for vaksneLytt til tekstenStopp avspillingVaksne som har rett til grunnskuleopplæring kan også ha rett til å få spesialundervisning.Det er to forskjellige former for spesialundervisning for vaksne i grunnskoleopplæringaDen eine typen spesialundervisning kan vaksne få dersom dei ikkje har tilstrekkeleg utbytte av opplæringa, og vaksenopplæringa ikkje kan tilpasse opplæringa godt nok for dei.Den andre typen spesialundervisning kan vaksne få dersom dei treng å utvikle eller vedlikehalde grunnleggande ferdigheiter. Det kan vere aktuelt dersom den vaksne etter å ha fullført vidaregåande opplæring framleis treng opplæring, eller har fått ein skade eller ein sjukdom og treng hjelp for å fungere i det daglege.For begge typane av spesialundervisning må kommunen og PP-tenesta vurdere og gi råd om kva den vaksne treng, og kommunen må fatte eit enkeltvedtak.Spesialundervisning for vaksne oversett til ulike språk Ved spørsmål ta kontakt med:Rektor Stryn VaksenopplæringssenterHilde NesjeTelefon 57 87 61 90hilde.nesje@stryn.kommune.no Sist endra 07.03.2025 14.02