Olden skule

Olden skule er ein skule med 1. - 10. klasse.

Skulen ligg i Olden sentrum, 17 km frå Stryn sentrum.

Skulen har omlag 170 elevar. Skulen er barneskule for elvane frå Olden, medan på ungdomstrinnet kjem elevane også frå Loen skule og Vikane skule.

Skulen har SFO-tilbod.

Skulen er ein PALS skule.

 

PALS er ei forkorting for positiv atferd, støttande læringsmiljø og samhandling i skulen. Dette er ein  skuleomfattande modell for å styrke barna sin skulefaglege og sosiale kompetanse, forebygge og mestre atferdsproblem i skulen og ein tiltaksmodell for opplæring, retttleiing og støtte til elevar, tilsette og føresette.