Innskriving av elevar til 1. årstrinn i grunnskulen 2023/ 2024

Det blir innskriving av elevar til 1. årstrinn for skuleåret 2023/2024, barn fødde i 2017, i tidsrommet veke 46 og 47 (14. – 25. november).

Dersom foreldra søkjer om det, eller samtykkjer, kan kommunen etter sakkunnig vurdering, la eit barn ta til på skulen eitt år tidlegare. Dette dersom det innan 1. april 2023 har fylt 5 år (dvs fødd før 01.04.18). Jamfør opplæringslova §2.1.
Skulen må ha melding om at slik søknad vil kome. 

Skulane i kvar krins vil sjølve sende ut innkalling til innskriving med meir orientering. Heimar med barn som skal ta til på skulen hausten 2023, men som ikkje får slik melding innan 12. november 2022 må melde frå til skulen i krinsen der dei bur. 

Innskriving - registrering av elev i første klasse i grunnskulen

Informasjon til elevar til 1. årstrinn ved Tonning skule  (PDF, 221 kB)

Vel møtt! 

 

- Kommunalsjef skule og kultur