Førebuande opplæring for vaksne FOV (grunnskuleopplæring)

Grunnskule for vaksne heiter no førebuande opplæring for vaksne (FOV). Dette er eit tilbod til deg som treng opplæring på nivået under vidaregåande opplæring.

For å ha rett til førebuande opplæring for vaksne må du oppfylle fire vilkår:

  • Vere over opplæringspliktig alder (over 15 år)
  • Ikkje ha rett til vidaregåande opplæring 
  • Ha lovleg opphald i Norge
  • Ha behov for opplæringa

 

Kven kan søkje?

Vaksne som ikkje har fullført norsk grunnskule, eller ikkje har tilsvarande utdanning frå eit anna land (minst ni år), kan søkje.  Sjølv om du har vitnemål frå grunnskulen, kan du ha rett til opplæring i eitt eller fleire fag, dersom den tidlegare opplæringa har vore mangelfull.

 

Opplæringstilbod i FOV

Du kan få:

  • Opplæring i alle dei fem faga som krevst for å få vitnemål: norsk, matematikk, engelsk, samfunnsfag og naturfag
  • Opplæring i enkeltfag
  • Opplæring i delar av fag
  • Opplæring i grunnleggjande ferdigheiter: å uttrykkje seg munnleg, lese, skrive, rekne og bruke digitale verktøy
  • Opplæringa i FOV er modulbasert. Før du startar, kartlegg vi kompetansen din slik at du blir plassert i rett modul og får ei opplæring som er tilpassa behova dine når det gjeld innhald, omfang og lengde
  • Opplæringa og læremidla er gratis. Du kan også søkje om støtte frå Lånekassen

 

Realkompetansevurdering

Realkompetansevurdering er eit tilbod om å få vurdert kompetansen din og få godkjent det du kan, opp mot krava i læreplanen. Som vaksen kan du gjennom arbeid, kurs eller anna erfaring ha tileigna deg kompetanse som heilt eller delvis dekkjer krava i læreplanen for den opplæringa du ønskjer.

Realkompetansen din kan dokumenterast og godkjennast som likeverdig med heile eller delar av opplæringa. Du treng ikkje opplæring i fag eller delar av fag som er godkjende.

Realkompetansevurdering er gratis for vaksne som har rett til opplæring.

Utdanningsdirektoratet om Realkompetansevurdering

 

Individuelt tilrettelagt opplæring

Dersom du ikkje har, eller ikkje kan få, tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet for vaksne, har du rett til individuelt tilrettelagd opplæring, jamfør opplæringslova § 19-5.

Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)


Organisering

Undervisninga går føre seg i lokala til Stryn Vaksenopplæringssenter i Rognehaugen 11, frå måndag til fredag kl. 09.00 – 15.00. Vi følgjer vedteken skulerute for Styn kommune.
 

Vil du søkje førebuande opplæring for vaksne (FOV)?

Dersom du vil søkje om førebuande opplæring for vaksne, nyttar du søknadsskjemaet for FOV. Kommunen behandlar søknaden så raskt som mogleg og tek kontakt for å avtale rettleiing og eventuell oppstart innan rimeleg tid.

  

SØK HER: 

Søknad om førebuande opplæring for vaksne (FOV)


Søknadsskjema på papir:
Søknad om FOV førebuande opplæring for vaksne (PDF, 218 kB)

Skjemaet må skrivast ut, fyllast ut og sendast til
Servicekontoret, Tonningsgata 4, 6783 Stryn.

Artikkelliste