Dagtilbod for heimebuande personar med demens

Dagtilbod for heimebuande personar med demens skal bidra til ein meiningsfull kvardag med aktivisering og sosialt samvær, og vere ei støtte for pårørande.

Brukaren blir henta frå og bringa tibake til eigen heim. 

Eigenbetaling kr. 144,- pr. dag. Prisen inkluderer mat og transport.

Tildeling av plass skjer etter søknad og vurdering i tildelingsnemnda.

Opningstider:

Stryn Omsorgssenter: tysdag og torsdag kl 09.30 – kl 14.30
Vikane Omsorgssenter: onsdag og fredag kl 09.30 – kl 14.30

 

Brosjyre: Dagtilbod for heimebuande personar med demens (PDF, 2 MB)


Søknadsskjema (digitalt)


Søknadsskjema (PDF, 295 kB)

(skriv ut og send til Stryn kommune, Servicekontoret, Tonningsgt. 4, 6783 Stryn)