Bekymringsmelding til barnevernet
Er du bekymra for eit barn, og vil melde dette vidare til oss? No kan du gjere dette via elektronisk skjema på nett – då går meldinga direkte til barnevernstenesta.
Fordelen med det elektroniske meldesystemet er at det kjem fram til barnevernstenesta med ein gong på ein sikker måte. Dette er også tryggare enn å sende bekymringsmeldingar per post, og kvaliteten på innhaldet blir betre.
Korleis fungerer det?
Løysinga består av to ulike skjema; eitt for privat meldar og eitt for offentlege tilsette. Du loggar deg inn i portalen, fyller ut og sender bekymringsmeldinga derfrå. Løysinga vil då levere bekymringsmeldinga direkte til kommunen sitt fagsystem.
Løysinga er godt rusta for å ta i vare personvern og informasjonssikkerheit.
Løysinga
Du kan gå vidare til dei to skjemaene ved å nytte lenkene under:
Bekymringmelding for privatpersonar
Bekymringsmelding for offentleg tilsette
Kva skjer videre?
Meldinga blir gjennomgått innan ei veke. Akuttsaker vert avgjort straks.
Barnevernet vil enten starte ei undersøking eller henlegge meldinga dersom den er openbar grunnlaus.
Ei undersøking skal gjennomførast snarast og seinast innan 3 månader. Undersøkinga skal vere tilpassa saka etter kor alvorleg den er, stå i forhold til meldinga sitt innhald og ivareta barnet sitt beste. Dersom undersøkinga gjev grunnlag for hjelpetiltak, skal barneverntenesta iverksette tiltak etter lova.
Sist endra 12.04.2022 13.12