Formålet med barneverntenesta

Barnevernet si hovudoppgåve er å sikre at barn og unge som lever under tilhøve som kan skade helsa og utviklinga deira, får naudsynt hjelp og omsorg til rett tid. I tillegg skal barnevernet bidra til at barn og unge får trygge oppvekstkår. Ansvaret og arbeidsoppgåvene til barnevernstyresmaktene er regulert i Lov om barnevern (barnevernslova)

Alle barn under 18 år som oppheld seg i Stryn kommune kan ta i mot tiltak frå barneverntenesta. Dersom eit tiltak er sett inn før barnet er fylt 18 år, kan tiltak vidareførast til ein er fylt 23 år (ettervern) – avhengig av at den unge seier seg einig.

I sakshandsaminga til barneverntenesta er det nokre viktige omsyn å jobbe etter:

Barnet sitt beste i fokus

Sakshandsaminga skal utførast forsvarleg

Barn har rett til medverknad

Ein skal bruke mildaste effektive inngrep

Ta omsyn til biologiske band

Ha omsyn til utviklingsfremjande tilknytning

Barneverntenesta er avhenging av bekymringsmelding frå anten private eller offentlege meldarar for å kunne starte opp ei sak. Det er berre private meldarar som har høve til å vere anonyme.
 

 

               

Artikkelliste