Formålet med barneverntenesta

Barnevernet si hovudoppgåve er å sikre at barn og unge som lever under tilhøve som kan skade helsa og utviklinga deira, får naudsynt hjelp og omsorg til rett tid. I tillegg skal barnevernet bidra til at barn og unge får trygge oppvekstkår. Ansvaret og arbeidsoppgåvene til barnevernstyresmaktene er regulert i barnevernlova med forskrifter.

Alle barn under 18 år som oppheld seg i Stryn kommune kan ta i mot tiltak frå barneverntenesta. Dersom eit tiltak er sett inn før barnet er fylt 18 år, kan tiltak vidareførast til ein er fylt 23 år (ettervern) – avhengig av at den unge seier seg einig.

I sakshandsaminga til barneverntenesta er det nokre viktige omsyn å jobbe etter:

  • Barnet sitt beste i fokus

  • Sakshandsaminga skal utførast forsvarleg

  • Barn har rett til medverknad

  • Ein skal bruke mildaste effektive inngrep

  • Ta omsyn til biologiske band

  • Ha omsyn til utviklingsfremjande tilknytning

Barneverntenesta er avhenging av bekymringsmelding frå anten private eller offentlege meldarar for å kunne starte opp ei sak. Det er berre private meldarar som har høve til å vere anonyme.
 

 

               

Artikkelliste