Hjelpetiltak i barneverntenesta
Barneverntenesta vurderer kva tiltak som er aktuelt å tilby familiar, og er pliktig til å følgje opp og evaluere tiltaka. Barneverntenesta er lovpålagt å ha ein tiltaksplan i alle familiar som tek i mot tiltak.
- Råd og rettleiing
- Miljøarbeidar (t.d arbeid med struktur og rutinar i heimen)
- Besøksheim
- Støttekontakt
- Økonomisk hjelp (t.d til barnehage, SFO eller fritidsaktivitetar)
- Interkommunalt heimebasert tiltak (metodisk arbeid i heimen, t.d PMTO, VIT, Marte Meo etc)
- Funksjonell Familieterapi
- Opphald på Foreldre- og barn senter
- Fosterheim
- Barne- og ungdomsinstitusjon
Barneverntenesta prioriterer førebyggande tiltak overfor barn og unge som treng det, i tillegg til tiltak for å styrkje foreldra si omsorgskompetanse overfor barna sine.
Barneverntenesta har høve til å tilvise saker vidare til andre instansar, som til dømes Barne- og ungdomspsykiatrien.
Foreldre har høve til å søkje om spesifike tiltak. Dette gjer ein ved anten å sende ein skriftleg søknad til barnevernet, eller ved å ta kontakt for ein samtale.
Sist endra 12.04.2022 13.14