Oppdrag i barnevernstenesta
Besøksheim:
Familiar som kan ha besøk av eit eller fleire barn ca ei helg i månaden, der barna får vere med på dykkar daglege aktivitetar.
Støttekontakt:
Ein person som kan ta med seg barn på aktivitetar i nærmiljøet nokre timar i veka. Fokus på meistring av både fysiske og sosiale aktivitetar.
Miljøarbeidar:
Jobbe med struktur og rutinar i heimane. Hjelpe foreldre med meistring og sjølvstende.
Tilsynsførar:
Personar som kan føre tilsyn i fosterheimar ca 4 gongar i året. Formålet er å sjå til at vilkåra for plassering i fosterheimen blir fylgt opp, og at barnet har det bra i fosterheimen.
Fosterheimar:
Det er anbefalt at ein gjennomgår eit Pride-kurs gjennom BUF-etat v/Fosterheimstenesta i førekant av oppdrag som fosterforeldre. Ta kontakt med di lokale barnevernteneste for spørsmål, eller direkte med BUF-etat region Vest/ Fosterheimstenesta.
Plettfri vandel (ein må levere uttømmande politiattest før oppstart)
Teieplikt
Gode samarbeidsevne
Motivasjon til å hjelpe barn/familiar
Tid og hjarterom
Det vert stilt større krav til å bli fosterheim
Barneverntenesta har kontinuerleg behov for personar og familiar som vil ta på seg ulike oppdrag.
Interessert i mer informasjon?
Ta kontakt med barneverntenesta i Stryn og/eller Fosterheimtenesta.
Sist endra 05.03.2025 09.25