Ergoterapi

Ergoterapi fremjar helse gjennom aktivitet, og jobbar mot at den enkelte skal kunne bli mest mogleg sjølvstendig i eige liv. Ergoterapi er for menneske som har utfordringar med å  utføre daglege gjeremål.
 

Kva kan du få hjelp til?

Ergoterapeuten i Stryn kommune tilbyr tenester til menneske i alle aldrar. Du kan få hjelp til:

-    Funksjonsvurdering/ kartlegging og trening av daglege aktivitetar
-    Tilpassing og tilrettelegging av aktivitet og fysiske omgjevnader
-    Vurdering, tilpassing og oppfølging av tekniske hjelpemiddel
-    Rehabilitering i og utanfor institusjon, i samarbeid med andre tenester
-    Bustadrådgjeving
-    Rettleiing, informasjon og undervisning
-    Demensutgreiing
-    Førebyggande heimebesøk for personer over 80 år

Mykje av arbeidet ergoterapeuten gjer skjer i omgjevnadane brukaren skal fungera i til dagleg, som heim, barnehage, skule og fritid.

For å gje brukaren eit heilskapleg tilbod, er ergoterapeuten oppteken av å få til eit godt tverrfagleg samarbeid. I kommunen samarbeider ein med fysioterapeutar, pårørande, heimetenesta, ulike institusjonar, skular, NAV og hjelpemiddelsentralen.

Ergoterapeuten jobbar med fokus på brukarmedverknad. Saman blir det sett mål som brukaren skal prøve å oppnå. Gjennom fleire delmål blir det sett inn tiltak og trening for å nå det oppsette målet. Dersom brukaren har mista ein funksjon, kan ergoterapeuten hjelpe med å kompensere for funksjonstapet med ulike hjelpemiddel. Hjelpemiddel kan vere rullestolar, eller hjelpemiddel til toalett og bad.

I Stryn kommune er ergoterapeuten syn- og hørselskontakt og kan kontaktast ved behov for vurdering og utprøving av ulike syn- og hørselshjelpemiddel frå NAV – Hjelpemiddelsentral (Dette gjeld ikkje høyreapparat då det ikkje er teknisk hjelpemiddel frå NAV- Hjelpemiddelsentral).

Ergoterapi er gratis.