Frå 2018 treng du ikkje henvising frå lege for å få fysioterapibehandling av ein fysioterapeut med kommunal driftsavtale.
Kva kostar fysioterapibehandlingar?
Alle må betale ein eigenandel for behandling hjå fysioterapeut. Eigenandelane går inn under eigenandelstak 2. Helfo sender ut frikort når dette taket er nådd.
Barn opp til 16 år og personar med registrert yrkesskade betalar ikkje eigenandel.
Fysioterapeuten skal også gje tilbod om behandling i heimen til heimebuande pasientar som pga helse eller funksjonsevne ikkje er i stand til å møte til konsultasjon i fysioterapeuten sitt lokale, eller når dette er nødvendig for å sikre pasienten forsvarleg helsehjelp.
I Stryn kommune har følgjande privatpraktiserande fysioterapeutar kommunal driftsavtale og oppgjersavtale med Helfo:
Stryn:
Stryn Fysioterapi
Tlf: 905 45 754
Eva Bøe
Astrid Hoffart
Are Njøten
Manuellterapeut OddArne Bergset
Adresse:
Setrevegen 4, 6783 Stryn
(Over Coop Extra)
Thingnes Fysioterapi
Tlf: 57 87 23 72
Aslaug Thingnes Bø
Dag Sivert Nesdal
Adresse:
Rognehaugen 11, 6783 Stryn
(Over Bunnpris)
Olden:
Drageset akupunktur og fysioterapi A/S
Tlf: 416 54 128
Jørn Sunde Drageset
Adresse:
6788 Olden
Innvik:
Vikane Fysioterapi
Tlf: 57 89 20 00
Dag Sivert Nesdal
Adresse:
6793 Innvik
(I underetasjen på Vikane Omsorgsenter)