Fysioterapitenesta i kommunen

Fysio- og ergoterapiavdelinga i Stryn kommune yter teneste til folk i alle aldrar som av ulike grunnar har utfordringar med si fysiske funksjonsevne, og som kan ha nytte av opptrening og/ eller habilitering og rehabilitering.

Du kan få hjelp til
-    Vurdering og opptrening av fysisk funksjonsnivå
-    Vurdering, tilpassing og oppfølging av tekniske hjelpemiddel
-    Habiliteringsoppgåver knytt til barn og unge
-    Vurdering og oppfølging knytt til motorisk utvikling av barn - på helsestasjon, 
     i barnehage og på skule. 
-    Rehabiliteringsoppgåver knytt til vaksne og eldre - heime og på institusjon
-    Rettleiing av brukarar, pårørande og anna helsepersonell
-    Bustadrådgjeving med tanke på tilpassa bustad
-    Drift av ulike treningsgrupper for eldre 
-    Førebyggande heimebesøk for personer over 80 år

Gruppetilbod:
-    Rehabiliteringsgruppe for slag- og afasiramma 
-    Fallførebyggjande treningsgruppe for heimebuande eldre; «Sterk og stødig» 
-    4 vekers gruppe på Helsestasjonen

Alle må betale ein eigendel for behandling hos fysioterapeut. Eigendelane går inn under eigendelstak 2. Helfo sender ut frikort når dette taket er nådd. Barn opp til 16 år og personar med registrert yrkesskade betaler ikkje eigendel. 

Hjelpemiddelformidling er gratis.
 

Kontakt

Fysio- og ergoterapiavdelinga

Telefon:  
57 87 69 31 /  57 87 69 32  / 57 87 69 37

Adresse:
Myrane 18,
6783 Stryn



 

Kart