Tekniske hjelpemiddel og hjelpemiddelformidling

Personar med varig nedsett funksjonsnivå over 2 år, kan søkje om tekniske hjelpemiddel frå NAV- Hjelpemiddelsentral. 

Fysio- og ergoterapeutane formidlar desse tekniske hjelpemidla og hjelper deg med søknad, utprøving, tilpassing og opplæring.

Det kan søkjast om ein har vanskar på følgjande område: 

Rørsle

Syn

Hørsel (gjeld ikkje høyreapparat)

Kommunikasjon

Hjelpemiddel som kompenserer for tapt eller redusert evne til tale og språk, vert kalla kommunikasjonshjelpemiddel

Kognisjon. Vanskar med å hugse, planlegge og organisere vert kalla kognitive problemer.
Hjelpemidler kan betre situasjonen
 

Søknadsskjema

Korttidsutleige av tekniske hjelpemiddel - mellombels behov: 

Ved både Stryn og Vikane omsorgssenter er det eit kommunalt hjelpemiddellager for korttidsutleige når behovet er mellombels, til dømes etter operasjon, hoftebrot, m. m. Dette gjeld krykker, toalettforhøgar, rullator m. m. 
Ein betaler depositum og månadsleige for kommunale tekniske hjelpmiddel til korttidsutleige.


Prisar for leige av tekniske hjelpemidlar