Helsestasjonen er ein del av kommunen si helsefremmande og førebyggande arbeid retta mot gravide, barn 0 – 5 år og foreldra deira.
Helsestasjonen jobbar for å fremme barn si psykiske og fysisk helse, fremme gode sosiale og miljømessige forhold, samt førebygge sjukdom og skade. Helsestasjonen følgjer opp barn og familien deira etter fastsett program frå Helsedirektoratet, med særleg vekt på barnet si fysiske og psykososiale utvikling.
På helsestasjonen i Stryn jobbar det helsesjukepleiar, jordmor, lege og sekretær.
Helsestasjonen er eit gratis lågterskeltilbod der foreldre kan henvende seg med små eller store utfordringar. Vi legg vekt på ulike tema etter alder på barnet, men foreldra sine spørsmål og behov er sentralt i konsultasjonen. Sjå konsultasjonsplan for barn 0 - 5 år her.
Du kan be om tolk via telefon dersom du har behov for det.
Kom gjerne innom helsestasjonen for vektkontroll utan timeavtale.
Informasjon med gode lenker og råd til nybakte foreldre
Introduksjon av fast føde, mat og måltid for spebarn
2-åringen, kropp og utforsking
4-åringen, kropp og utforsking
6-åringar og kroppen
Den første kontakta
Når du har født eit barn vil jordmor/ helsesjukepleiar ta kontakt med deg for å avtale tid for heimebesøk. Du er velkomen til å ta kontakt med helsestasjonen om du har spørsmål, eller dersom helsestasjonen ikkje tek kontakt med deg i løpet av dei første dagane etter heimkomst. Vi oppfordrar også alle nytilflytta barnefamiliar om å ta kontakt med helsestasjonen.
Samarbeid med andre instansar
Helsestasjonen skal i eit tverrfagleg samarbeid bidra til å styrke foreldra si meistring av foreldrerolla, og fremme barn sitt lærings- og utviklingsmiljø.
Dersom barnet har behov for oppfølging eller vurdering frå andre instansar, kan aktuelle samarbeidspartnerar vere barnehage, skule, fastlege, pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), fysioterapeut, barne- og ungdomspsykiatrien (BUP), kommunal psykisk helsearbeiderteneste eller barnevern.
Helsesjukepleiar er ofte involvert i oppfølging av barn som treng langvarige og koordinerte tenester.
Mange foreldre synest det er utfordrande å gje barna sine tryggleik og god oppvekst. Foreldrerettleiingskurset Circle of Security (COS), tryggheitssirkelen, skal gje foreldre verktøy for å betre forstå kva behov barna har, kva signal dei gir og kva vi kan gjere for å møte desse behova betre.
Målet med kurset
Målet er at barnet ditt skal få hjelp til å kjenne seg trygg og stå sterkare rusta til å møte utfordringar ein møter i livet. Kurset kan også bidra til eit godt samspel mellom deg og barna dine.
Påmelding
Ring Stryn helsestasjon tlf 57 87 69 99, helsesjukepleiaren du har kontakt med eller send epost til stryn.helsestasjon@stryn.kommune.no
Lurer du på om dette kurset er noko for deg? Ring gjerne og diskuter det med oss.
Vi tilbyr gruppekurs to gongar i året med oppstart etter vinterferien og haustferien. Kurset går over 6 kveldar, 1,5-2 timar kvar gang. Kurset er gratis.
I kurset snakkar vi om
- Tryggheitssirkelen hjelper oss til å sjå kva behov barna har for foreldrestøtte, både når dei utforskar verda, og når dei opplever vanskelege kjensler.
- "Vere saman" i tryggleikssirkelen. Barn lærer og utviklar seg i samspel med foreldra. Samspelet er grunnleggande for korleis barn utviklar trygg tilknytning kjenslemessig.
- Vegen til tryggleik. Di tilgjengelegheit som forelder påverkar barnet ditt sin måte å formidle kjensler og behov.
- Vanskelege situasjonar. Vi vil gje dykk nokre reiskap til samspel mellom foreldre og barn, når situasjonan kjem ut av kontroll. Vi ser på balansen mellom det å vere tydeleg og samtidig vere ein god forelder.
- Foreldrene sine eigne erfaringar. Nokre gongar har vi vaksne erfaringar frå eiga fortid som gjer at reaksjonar i notid kan bli "større" enn nødvendig. Vi vil gje dykk hjelpemiddel til å handtere dette.
Kven kan vere med?
Foreldrerettleiingsskurset er for foreldre med barn mellom 4 månadar og 6 år.
Meir info om kurset
COS - Video, engelsk
Målet med kurset
I Stryn kommune nyttar vi ICDP (International Child Development Programme) som verktøy i arbeidet. ICDP er eit helsefremmande og førebyggjande program med mål om å fremme god omsorg og skape godt samspel mellom vaksne og barn, når verda rundt blir opplevd som usikker.
Vi oppfordrar alle foreldre med barn til å delta!
ICDP-huset -video
Påmelding
Ring Stryn helsestasjon tlf 57 87 69 99, helsesjukepleiaren du har kontakt med eller send epost til stryn.helsestasjon@stryn.kommune.no
Det blir seks-åtte samlingar på 1,5 til 2 timer med inntil 10 personar i kvar gruppe.
Stryn helsestasjon tilbyr ICDP foreldregrupper to gongar i året. Dette er eit gratis lavterskeltilbod for deg som forelder.
I kurset snakkar vi om
Samtale og erfaringsutveksling, oppgåver og refleksjon, du vel sjølv kor mykje du ønskjer å dele i gruppa.
Kven kan vere med
Alle foreldre med barn opptil 18 år.
Elektrisk brystpumpe til gratis utlån i opptil 4 veker, men ein må betale for eige flaskesett
Trusealarm til behandling av sengevæting (Enuresealarm) til gratis utlån, men ein må betale for eigen enuresesensor
Lapisstift til behandling av villkjøtt (granulom) i navle kan ein kjøpe
Diverse informasjonsbøker og videoar til utlån
Prisliste