Helsestasjon for ungdom (HFU)

Lurer du på noko? Har du det vanskeleg? Treng du nokon å prate med?

Helsestasjon for ungdom (HFU) er eit drop-in-tilbod for både gutar og jenter mellom 13 og 20 år og er eit supplement til skulehelsetenesta.

På HFU finn du helsesjukepleiar, jordmor og lege. Vi har teieplikt.

Det er inga timebestilling og tilbodet er gratis.

Ofte kan det vere fint å prate med ein vaksen når hovudet er fullt av tankar. Ved å snakke om det som opplevast som vanskeleg, får ein lagt frå seg bekymring og frustrasjon.

Vi som jobbar på HFU er vande til å prate om det meste! Vi har kunnskap om seksuell helse, prevensjon og kjønnssjukdomar, og vi har god erfaring med å prate om ting som kan vere vanskeleg og utfordrande i livet.

Vi utfører gratis klamydiatest, graviditetstest og vi deler ut gratis kondomar og glidemiddel.


Er det noko du lurer på eller vil prate om?


Kom innom då vel!