Stryn Helsestasjon

Helsestasjonen er ein del av kommunen si helsefremmande og førebyggande arbeid retta mot gravide, barn 0 – 5 år og foreldra deira.

Helsestasjonen jobbar for å fremme barn si psykiske og fysisk helse, fremme gode sosiale og miljømessige forhold, samt førebygge sjukdom og skade. Helsestasjonen følgjer opp barn og familien deira etter fastsett program frå Helsedirektoratet, med særleg vekt på barnet si fysiske og psykososiale utvikling.

På helsestasjonen i Stryn jobbar det helsesjukepleiar, jordmor, lege og sekretær.

Helsestasjonen er eit gratis lågterskeltilbod der foreldre kan henvende seg med små eller store utfordringar. Vi legg vekt på ulike tema etter alder på barnet, men foreldra sine spørsmål og behov er sentralt i konsultasjonen. Sjå konsultasjonsplan for barn 0 - 5 år her.

Du kan be om tolk via telefon dersom du har behov for det.

Kom gjerne innom helsestasjonen for vektkontroll utan timeavtale.
 

Informasjon med gode lenker og råd til nybakte foreldre

Introduksjon av fast føde, mat og måltid for spebarn
 

2-åringen, kropp og utforsking

4-åringen, kropp og utforsking

6-åringar og kroppen


Den første kontakta

Når du har født eit barn vil jordmor/ helsesjukepleiar ta kontakt med deg for å avtale tid for heimebesøk. Du er velkomen til å ta kontakt med helsestasjonen om du har spørsmål, eller dersom helsestasjonen ikkje tek kontakt med deg i løpet av dei første dagane etter heimkomst. Vi oppfordrar også alle nytilflytta barnefamiliar om å ta kontakt med helsestasjonen.


Samarbeid med andre instansar

Helsestasjonen skal i eit tverrfagleg samarbeid bidra til å styrke foreldra si meistring av foreldrerolla, og fremme barn sitt lærings- og utviklingsmiljø.

Dersom barnet har behov for oppfølging eller vurdering frå andre instansar, kan aktuelle samarbeidspartnerar vere barnehage, skule, fastlege, pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), fysioterapeut, barne- og ungdomspsykiatrien (BUP), kommunal psykisk helsearbeiderteneste eller barnevern. 

Helsesjukepleiar er ofte involvert i oppfølging av barn som treng langvarige og koordinerte tenester.