Brukarstyrt personleg assistanseLytt til tekstenStopp avspillingEr du sterkt funksjonshemma, er under 67 år med eit langvarig og stort behov for praktisk og personleg hjelp i dagleglivet, har du rett til brukarstyrt personleg assistanse (BPA). Personleg assistanse omfattar praktisk bistand og opplæring og støttekontakt. Retten til avlastingstiltak gjeld for personar med foreldreansvar for heimebuande barn under 18 år med nedsett funksjonsevne. Innanfor det timetalet du får tildelt, kan du i prinsippet styre kven du vil ha som hjelpar(ar) og kva assistentan(e) skal gjere. Målet er at du skal ha eit mest mogleg aktivt liv. Les meir om brukarstyrt personleg assistanse på sidene til HelseNorge og Helsedirektoratet. Søknadsskjema (digitalt) Søknadsskjema (PDF, 295 kB) (skriv ut og send til Stryn kommune, Servicekontoret, Tonningsgt. 4, 6783 Stryn) Sist endra 20.09.2024 09.57