Heimesjukepleie er nødvendig helsehjelp i form av pleie og omsorg, førebygging og behandling grunna sjukdom og skade.
Slik hjelp skal bidra til at brukarane kan fungere i eigen heim. Helsehjelpa vert individuelt tilpassa etter søknad og i samråd med brukar. Heimesjukepleie vert ytt etter melding frå søkjar, pårørande, lege eller sjukehus, og vert sett i gang straks det er naudsynt.
Det vert fatta skriftleg vedtak om tildeling av hjelp etter vurdering i tildelingsnemnda.
Det er ingen eigenbetaling for heimesjukepleie.
I heimesjukepleien jobbar ein tverrfagleg i samråd med bl.a. lege, apotek og sjukehus.
Tilrettelegging i heimen kan også vere eit krav utifrå Arbeidsmiljølova.
Tenesta er delt inn i to område:
Heimesjukepleien i Vikane: Dekkjer Olden, Oldedalen, Innvik, Utvik/Tistam
Heimesjukepleien i Stryn: Dekkjer Hopland, Blaksæter, Stryn, Oppstryn og Loen
Les meir om gjeldande lovverk:
Søknadsskjema (digitalt)
Søknadsskjema (PDF, 295 kB)
(skriv ut og send til Stryn kommune, Servicekontoret, Tonningsgt. 4, 6783 Stryn)