Avlastingsopphald - eldre

Avlastingsopphald for eldre er eit tidsavgrensa opphald i institusjon. 
 

Målet er å gi den pårørande i heimen avlasting og å gi den eldre mulegheit til å bu heime så lenge som muleg. Opphald kan tildelast når familien skal på ferie eller treng avlasting frå den daglege pleie og tilsyn.
 

Avlastingsopphald vert tildelt etter søknad.  
Det vert fatta skriftleg vedtak om tildeling etter vurdering i tildelingsnemnda. 
Det vert ikkje kravd eigenbetaling. 
 
Søknadsskjema for helse og sosialtenester (digitalt)
 

Søknadsskjema for helse og sosialtenester (PDF, 2 MB) (papirskjema)

Send til Stryn kommune, Tonningsgata 4, 6783 Stryn.