Følgjekort

Følgjekort er eit kort som kan gjevast til personar som på grunn av nedsett funksjonsevne treng følgje for å delta i samfunnet. Følgjekortet gjer det mogleg å ta med seg følgje utan kostnad, eller til redusert kostnad, på kultur- og fritidsarrangement og på transportordningar der ordninga er akseptert.

Søkje om følgjekort:

Menneske med behov for hjelp kan søkje Stryn kommune om å få tildelt følgjekort. Følgjekortet vert som hovudregel tildelt digitalt. Det kan også, om ønskjeleg, tildelast eit fysisk kort. 

Last ned følgjekortet (ledsagerbeviset) som app på App Store eller Google Play. Det er også tilgjengeleg på ledsagerbevis.no.
 

Kven kan nytte ordninga

Alle som har behov for bistand, kan søkje om følgjekort. Det er inga nedre aldersgrense for å få følgjekort.

Det er den enkelte sjølv, som innehavar av kortet, som vel kven som skal vere følgje. Det kan vere venn, familiemedlem, støttekontakt eller andre.
 

Kvar kan følgjekortet nyttast

Følgjekortet gjeld i heile landet der arrangørar, transportselskap eller institusjonar som krev inngongspengar har akseptert ordninga.

 

Dette må leggast ved søknaden:

  • Bilde av deg sjølv
  • Uttale frå lege eller helsepersonell
     

Les meir om denne ordninga på HelseNorge.

 

Søknadsskjema (digitalt)

Søknadsskjema (PDF, 182 kB)

(må skrivast ut, utfyllast og leverast til Servicekontoret, Tonningsgata 4, 6783 Stryn).