Har du mistanke om vald eller seksuelle overgrep?

Kva gjer eg ved mistanke om vald eller overgrep mot barn?

Når du har grunn til å tru at eit barn vert utsett for vald eller seksuelle overgrep, har du plikt til å seie i frå. Dersom det er akutt, skal du varsle politiet eller barnevernet umiddelbart. Di plikt er sjølve varslinga, politi og barnevernet har ansvaret vidare. 

Ring Politiet - på telefon 02800 eller på nødtelefon 112

Ring Barnevernet på telefon 57 87 47 00 på kontortid/ 47 47 14 57 utanom kontortid eller send ei bekymringsmelding til barnevernet.

Melding til barnevernet frå offentleg meldar

Melding til barnevernet frå privat meldar


Papirbasert meldingsskjema for privat meldar (PDF, 204 kB)(må skrivast ut, utfyllast og sendast til Srvicekontoret, Tonningsgata 4, 6783 Stryn).


Kva gjer eg ved mistanke om vald i nære relasjonar?

Dinutvei er ein nasjonal nettportal som gir oversikt over ulike hjelpetilbod over heile landet. Her finn du også informasjon, fagstoff og ei spørsmål- og svarteneste der du kan stille spørsmål og få svar anonymt. Informasjon finst på mange ulike språk.

Vern for eldre  hjelper eldre over 62 år som står i fare for eller er utsett for overgrep.

Hvorlite.no er politiets informasjonsside om vald i nære relasjonar