Koordinerande einingLytt til tekstenStopp avspillingKoordinerande eining består av einingsleiar miljø og velferd (leiar), nestleiar helse- og sosial og nestleiar oppvekst.Koordinerande eining:Kontaktpunkt for deg som mottek tenester, tenesteytarar og samarbeidspartnararHar oversikt over dei ulike tenestene i kommunen og tek i mot spørsmålSamordnar tenestene for deg som har to eller fleire tenester frå kommunen, og skal sikre at dei ulike tenestene du får fungerer samanKan hjelpe deg å vurdere kva tenester som er aktuelle for deg og formidle kontaktHar ansvar for oppnemning av koordinator og barnekoordinator og vurderer behov for individuell plan Koordinerande eining kan vere aktuelt for deg som:På grunn av skade eller sjukdom har eit brått fall i evna til å fungere i dagleglivetTreng hjelp frå fleire tenesteområdeHar gradvis fall i funksjonsevne over lengre tidHar medfødt funksjonssviktHar fysiske, psykiske eller sosiale vanskar og treng hjelp til å planlegge/ meistre nye situasjonar i livet Koordinator, barnekoordinator og individuell plan:Dersom du har eit langvarig behov for koordinerte tenester har du rett på koordinator og individuell plan. Koordinator bidreg til samordning av tenestetilbodet, innkalling til ansvarsgruppemøter og framdrift i Individuell plan.Koordinator vert oppnemnt av koordinerande eining i samråd med deg.Barn/unge med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne, med langvarig behov for koordinerte tenester, har rett på tenesta barnekoordinator og individuell planOrdningane skal bidra til at tenestemottakarar med behov for fleire tenester skal få eit heilskapleg tenestetilbod. Kommunen pliktar å syte for at tenestene er koordinerte, samanhengande, tverrfaglege og tilpassa dine behov.Det er koordinerande eining som tek avgjerder når det gjeld tenestene barnekoordinator, koordinator, individuell plan. Du har klagerett på avslag om barnekoordinator/koordinator og individuell plan. Klagen skal sendast til koordinerande eining. Søk her:Søknad om koordinator, barnekoordinator og individuell plan Her kan du lese meir om koordinator, individuell plan og barnekoordinator:Helsedirektoratet Individuell plan og koordinatorHelsedirektoratet barnekoordinator Publisert av ACOS System Sist endra 20.09.2024 11.25