Stryn kommune kan tilby deg som har kreft, eller deg som er pårørande, kontakt med sjukepleiar som har ekstra kompetanse innan lindrande behandling og omsorg. Desse sjukepleiarane vert kalla ressurssjukepleiarar.
- Ressurssjukepleiaren er ein fagperson som kan gje hjelp etter kva behov du har.
- Ressurssjukepleiaren kan vere ein støttespelar som hjelper deg til å få ein best muleg kvardag, og vere eit bindeledd i tverrfagleg samarbeid med til dømes lege og sjukehus.
- Ressurssjukepleiaren tilbyr samtaler for å sortere tankar, svare på spørsmål og gje rettleiing rundt behandling, rehabilitering og omsorg ved livets slutt.
- Tilbodet er gratis, og du kan ta direkte kontakt.
Stryn helsestasjon tlf. 57 87 69 99.
Stryn omsorgsenter/ heimesjukepleien Olaug S. Mork tlf. 917 21 614.
Vikane omsorgsenter/ heimesjukepleien Siv Hege Eide tlf. 476 91 276 / 917 21 619.
Stryn legekontor Grethe Hilde tlf. 57 87 69 90/ 903 64 754.
Handlingsplan 2022 (PDF, 467 kB)
Sist endra 27.11.2024 14.41