Legekontoret har tenester via helsenorge.no der du kan bestille time, reseptar og sende beskjedar. Du kan ha e-konsultasjon (elektronisk time) og motta brev og svar på prøver frå fastlegen din. E-konsultasjon kostar det same som ein vanleg time på legekontoret. Ikkje alle legar tilbyr e-konsultasjon i dag.
Du treng BankID eller BankID på mobil for å bruke tenesta. Det gjer tenesta sikker for deg
Betaling: Dersom du ikkje vil bruke kortterminalen på legekontoret, eller har gløymt å betale, vil du få SMS kl 08:00 dagen etter legebesøket. SMS-en gir deg to alternativ: Betale med kort eller Vipps. Dersom du ikkje betalar innan 24 timar, vil du få faktura med gebyr i posten. SMS går også til alle som nyttar videokonsultasjon eller e-konsultasjon (Helsenorge).
Legevakt
Stryn legekontor har legevakt kl 08.00-16.00.
Utanom kontoret sine opningstider ringjer du 116 117 for å nå Nordfjord legevakt. Dette er ei interkommunal legevakt for kommunane Stad, Kinn (Vågsøy) og Stryn. Legevakta finn du ved Nordfjord sjukehus og tilkomst til legevakta er skilta ved hovudinngangen.
Fastlegar i Stryn
For akuttmedisinsk hjelp ring 113
113.no – her finn du informasjon og oversikt om alt innan livreddande førstehjelp
helsenorge.no
Logg inn med bankid på helsenorge.no for å få tilgang på tenestene som hjelper deg å følgje opp di eiga helse.
På helsenorge.no har du gratis tilgang til følgjande tenester:
• Bestille timar
• Sende gratis brev til fastlegen
• Motta brev/ prøvesvar frå fastlegen
• Sjå og slette inngåtte timeavtaler
• Byte fastlege
• Dine tilgjengelege reseptar
• Din Kjernejournal
• Sjå eigenandelane dine
• Opprette ditt eige personlege helsearkiv
• Sjå reisene dine på pasientreiser
• Innsyn i eigen journal på sjukehuset (kjem)
• Status på henvisningane dine til sjukehus/ spesialist (kjem)
Du kan også laste ned ein eigen app for helsenorge.no på App Store og Google Play.
Sist endra 23.05.2024 11.20