Psykolog

Stryn kommune deler psykologtenester med Stad, Bremanger og Gloppen.

Stad kommune er vertskommune for den interkommunale psykologstillinga. Målgruppa til psykologen er barn, unge og familiar. Psykologen er med på å førebyggje psykiske problem ved å delta i samarbeidsmøte og rettleie andre faggrupper.

Psykologen tilbyr ikkje individretta behandling, men arbeider på systemnivå som rådgjevar og rettleiar.

Kommunepsykologen samarbeider med helsesjukepleiar, psykisk helseteam, PPT og tilsette i barnehagar og skular.

Målet er at psykologen skal bidra til kompetanseheving og betre psykisk helse for barn og unge. 

Du får kontakt med psykologen gjennom bruk av andre tenester i Stryn kommune.