Sjukeheimar, omsorgssenter

Stryn kommune har 31 plassar ved Stryn omsorgssenter og 25 institusjonsplassar ved Vikane Omsorgssenter.

Dette er fordelt på langtidsopphald, korttidsopphald, rehabiliteringsopphald og avlastingsopphald.

Helsehjelpa vert ytt i eit tverrfagleg samarbeid.

Målsetting er at brukaren skal få den individuelle omsorg dei til ei kvar tid treng med helsehjelp, dekking av grunnleggande behov og  tilpassa aktivitetar.

Korttid - og rehabiliteringsopphald er eit målretta og tidsavgrensa opphald i institusjon. Opphaldet kan vare frå ein dag til fleire veker. Tilbodet retter seg hovudsakleg mot personar som etter ei samla vurdering treng hjelp til rehabilitering, habilitering og utredning. Målet med opphaldet er å betre moglegheita til å bu heime ved å behandle sjukdom/ symptom, og oppretthalde og betre funksjonar som er viktige for å klare seg i eigen heim. Kan og vere opphald med omsorg ved livets slutt.

Brosjyre - om Fiolen og Lyngen, Stryn omsorgssenter (PDF, 137 kB)

Avlastningsopphald er eit tidsavgrensa opphald i institusjon. Målet er å gje den pårørande i heimen avlastning og å gje den eldre moglegheit til å bu heime så lenge som mogleg.

Langtidsopphald er for personar med omfattande og langvarige behov for helsehjelp. Personen har stor svikt i eigenomsorg og har behov for heildøgns pleie og omsorg.

Opphald vert tildelt etter søknad og vurdering i tildelingsnemnda.

Det er eigenbetaling på korttidsopphald og langtidsopphald.


Søknadsskjema (digitalt)

 

Søknadsskjema (PDF, 271 kB) (PDF, 295 kB)

(skriv ut og send til Stryn kommune, Servicekontoret, Tonningsgt. 4, 6783 Stryn)