Husbanken og kommunen samarbeider om bostøtteordninga. Husbanken fattar vedtaka, men det er kommunen som handsamar søknadane og har all kontakt med deg som søkjar.
Har eg rett til bostøtte?
På nettsidene til Husbanken kan du sjå kven som kan få bostøtte, kva krav som gjeld for bustaden og kva grenser for inntekt som gjeld.
Lurer du på om du har rett til bostøtte? Prøv bostøttekalkulatoren
Korleis søkjer eg bostøtte?
Du kan søkje bostøtte elektronisk ved å gå inn på Husbanken og logge deg på med MinID eller bankID.
Søknadsfristen for bostøtte er den 25. kvar månad.
Utbetalinga kjem omkring den 20. i månaden etter.
Søk bostøtte
Du treng desse vedlegga:
- kopi av husleigekontrakt om du leiger bustad
- kopi av nedbetalingsplan for bustadlån og fellesutgifter om du eig bustaden
- dokumentasjon på inntekt om det ikkje kjem fram på norsk likning eller gjennom A-ordninga.
Straumutgifter, bustadforsikring og likningsopplysningar treng du ikkje å dokumentere.
Har du ikkje høve til å søkje elektronisk kan du få hjelp til utfylling på Servicekontoret, Tonningsgata 4, Stryn.
Krav til søkjar
For å få bostøtte må du og bustaden din oppfylle desse krava.
- Du må ha fylt 18 år. Dersom du har eigne barn, kan du søkje sjølv om du er under 18 år.
- Du må bu i bustaden du søkjer bustøtte for. Du må òg vere registrert på denne bustaden i Folkeregisteret den 1. i den månaden du søkjer.
- Bustaden din må vere godkjent for heilårsbruk. Det kan ikkje vere ein fritdsbustad. I tillegg må han ha eigen inngang og vere høveleg for å kvile og lage mat.
Du kan ha rett til bostøtte om du er student med eigne barn eller studerer som del av eit offentleg program for arbeidskvalifisering gjennom NAV eller kommunen.
Du må melde frå om endringar
i opplysningane du har oppgitt i søknaden din. Dersom du flytter, må du sende inn ny søknad.
Du må blant anna melde frå om:
- nokon flyttar ut eller inn i bustaden din
- nytt kontonummer
- endrinar i boutgifter
- nokon i husstanden blir student
- endringar i nærings-, kapital- eller utenlandsinntekter
Les meir om å melde frå om endringar
Klage på vedtak
Dersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker frå du fekk melding om vedtaket. Klagen skal du sende til kommunen.
Klage på vedtak om bostøtte
Meir informasjon:
Servicekontoret Stryn kommune,
Tonningsgata 4, tlf 57 87 47 00.
Forskrift om bostøtte
Lov om bostøtte