Kvalifiseringsprogrammet (KVP)

Kvalifiseringsprogrammet er for deg mellom 18 og 67 år som ønskjer å kome i jobb, men treng ekstra oppfølging for å klare det.
Dersom du har levd på sosialhjelp over lang tid eller står i fare for å kome i ein slik situasjon, er i yrkesaktiv alder og har vesentleg nedsett arbeids- og inntektsevne, kan eit kvalifiseringsprogram vere eit godt tilbod.

Les meir på nettsida: Kvalifiseringsprogrammet

Kva er kvalifiseringsprogrammet?

Kvalifiseringsprogrammet er eit tilbod om oppfølging og arbeidstrening. Målet med programmet er at du skal få den oppfølginga du treng for å kome i arbeid eller aktivitet.
Du og NAV-rettleiaren din kan saman planlegge innhaldet i programmet ut frå dine behov og føresetnader. Du kan til dømes få rettleiing om økonomi og bustad.

Programmet er på fulltid og skal innehalde
•    arbeidsretta aktivitetar
•    opplæringsaktivtetar
•    tett individuell oppfølging og rettleiing

Programmet kan også innehalde andre aktivitetar som støttar opp under og førebur deg på overgangen til arbeidslivet. Det kan også setjast av tid til naudsynt helsehjelp.
Du har sjølv ansvar for å følgje opp programmet ditt i samarbeid med rettleiaren din.


Kven kan få?

For å ha rett til kvalifiseringsprogram, må NAV vurdere behova dine og om programmet vil føre til at du lettare kan kome i arbeid.

Du må
•    vere i yrkesaktiv alder og ha vesentleg nedsett arbeids- og inntektsevne
•    ha behov for tett oppfølging
•    ha ingen eller svært avgrensa ytingar frå NAV
•    ha gjennomgått ei arbeidsevnevurdering
•    ha lovleg opphald og fast bustad i Norge


Kva kan du få?

•    Kvalifiseringsstønaden du får når du deltek i programmet er 2 gongar grunnbeløpet (G)
•    Er du under 25 år får du 2/3 av full stønad
•    Du kan ha rett til tilleggsstønader
•    Har du barn får du barnetillegg
•    Dersom du har eigen bustad, kan du ha rett til bustønad
•    Du betalar skatt av stønaden
•    Du har krav på ferie


Kor lenge kan du få?

Kvalifiseringsprogrammet er på 37,5 timar per veke, og kan vare inntil eitt år.
NAV kan forlenge programmet ditt med eitt år, dersom NAV vurderer det som hensiktsmessig og naudsynt.

Korleis søkjer du?

Du må ta kontakt med NAV Stryn for å avklare om du har rett til å delta i Kvalifiseringsprogrammet.