Syn- og høyrselstilbod

  • Stryn kommune har ein syn- og hørselskontakt som fungerer som eit bindeledd mellom innbyggarar, kommunehelsetenesta og NAV Hjelpemiddelsentral. Det er kommunal ergoterapeut som har denne rolla i Stryn.
    Syn- og hørselskontakta kan hjelpe deg med råd og rettleiing, søknad på enkle syns- eller høyrselshjelpemiddel til bruk i heimen eller til opplæring.   

o   Døme på høyrselshjelpemiddel: 
Varslingssystem (brann, dør, telefon m.m), lyttesystem for TV/radio, samtaleforsterkar og samtaleanlegg. Høyretest og høyreapparat er ikkje inkludert i ansvarsområdet. 

o   Døme på synshjelpemiddel: 
Digital lupe, lese-TV, skulesystem, leselist, lydbokspelar, punktskrivar, lesemaskin, programvare og lupelampe. Briller er ikkje inkludert i ansvarsområdet. 
For å kunne søkje på synshjelpemiddel frå NAV må visus vere lavare enn 0,33 (6/18). Redusert synsfelt, nedsett kontrastsyn eller dårleg mørkesyn kan også gje rett til lån av synshjelpemiddel. 
Du må ha hatt ei utredning hos augelege eller anna spesialist (t.d optiker) før søknad kan sendast.

 

  • Område Vikane og område Stryn har ei høyrselskontakt kvar som kan hjelpe til med enkelt vedlikehald av høyreapparat som skifte av slangar, filter, batteri og rensing av apparata. Dei kan og hjelpe til å bestille nye delar til høyreapparata eller sende inn til reparasjon. Høyrselskontaktene kan nyttast av alle innbyggarane, og kan kontaktast ved å ringe sentralbord i Vikane eller i Stryn. Høyrselstest, oppkobling til ekstrautstyr og justering av lyd på høyreapparat er ikkje inkludert i ansvarsområdet. 


    Høyrselskontaktene kan ikkje ha eit lager med ulike typar tynnslangar, batteri og domar til alle dei ulike øyra og høyreapparata på marknaden. Om du brukar høyreapparat er det greit å ha liggande ekstradeler som batteri, filter og ekstra tynnslange for å unngå ventetid ved bestilling av deler. Ta med ekstradelane når du skal møte høyrselskontakten. Høyrselskontakten kan hjelpe deg med å bestille deler på førehand om du treng rettleiing.


     

Informasjon frå NAV for deg med nedsett høyrsel