Avgift for tilgang til friluftsområdeLytt til tekstenStopp avspillingFor å kreve inn avgift for tilgang til friluftsområde må det søkast om løyve frå kommunen jf. friluftslova § 14. Dette gjeld til dømes toalett, parkeringsplassar og liknande tiltak som er til fordel for friluftsfolket. Frivillig brukarbetaling er tillete utan løyve. Det må då kome tydeleg fram at avgifta er frivilleg.Søknad kan fremmast av eigar eller brukar/rettigheitshavar.Søknaden skal innehalde:* Opplysningar om området sin karakter* Kva tiltak det blir søkt om betaling for* Berekna kostnadar for tiltaket* Størrelse på avgiftaAvgifta skal vere rimeleg og stå i høve til tilretteleggingstiltaka. Alle som ønskjer å tilby vilkårsparkering (parkering mot betaling osv.) må i tillegg registrere verksemda og parkeringsområda i Statens vegvesen sitt register.Sjå parkeringsforskrifta og Statens vegvesen sine nettsider for meir informasjon. Sjå ogsåRettleiar - Tillate avgift for tilgang til friluftsområde Lov om friluftslivet (friluftsloven) Sist endra 21.02.2025 12.12