Dagsturhytta i Stryn

Hytta til Stryn kommune ligg på Kloppemyra. Hytta har vedomn, innvendig lys og sanitæranlegg. Dagsturhytta er ein plass for å ete matpakken sin, kvile seg og bla i bøker.

  

 

 

 

 

 

 

Hytta har form som ein trekant. Bygget er særprega og har utandørs sitjetrapper og sitjebenkar. Store vindauge og mykje lys skaper god romkjensle og gjev deg som besøkande god kontakt med naturen. Ved inngangen er det overbygd plass til å henge av seg ytterklede og setje frå seg sko.

Parkering til Dagsturhytta er på grusplass til venstre for Øyravegen (Tonningsøyra), vest for Stryn stadion.

Stien til hytta

Frå parkeringsplassen går den merka stien langs Vikaelva heilt opp til Kloppemyra. Derifrå kan du gå vidare i retning Stryn vinterski. Det er stort sett svak stigning frå Porsemyra og oppover, for det meste i lett skogsterreng. Hytta ligg på om lag 250 moh.

Frå parkeringsplassen ved Stryn vinterski (350 moh.) følgjer du turløypetraseen ca. 500 m, svingar til venstre og følgjer merka sti nedover mot Kloppemyrhytta/sentrum.


Avstandar

Frå grusplass til venstre for Øyravegen (Tonningsøyra), vest for Stryn stadion til Kloppemyrhytta: Om lag 1,5 km. 30–45 min roleg gange.
Frå parkeringsplass Stryn vinterski til Kloppemyrhytta: Om lag 1,7 km. 30–45 min roleg gange.

Kart dagsturhytta på Kloppemyra (PDF, 2 MB)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Prosjektet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga til Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane sjølve. Utgangspunktet er visjonen i regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftslivFysisk aktivitet for alle.