Spelemidlar

Spelemidlar kjem av overskotet til Norsk Tipping og vert fordelt av Kulturdepartementet til ulike allmennyttige formål. Ein stor del av overskotet går til anlegg for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet. For å søke spelemidlar må anlegget ligge i handlingsprogram.

 

Søknadsfrist for å sende innspel til handlingsprogram er 1. september 

 

Søknadsfrist for å søke spelemidlar er 1. november, for tildeling i 2025

Dei som kan søkje spelemidlar er hovudsakleg kommunar, idrettslag, enkelte friluftsorganisasjonar og velforeiningar. 

Du kan søkje om tilskot til etablering og rehabilitering av mange ulike typar idrettsanlegg, anlegg for friluftsliv og anlegg for eigenorganisert fysisk aktivitet. Søknadsordninga er delt inn i to hovudgrupper

  • ordinære anlegg, som er vanlege idrettsanlegg
  • nærmiljøanlegg, som er mindre anlegg hovudsakleg for eigenorganisert fysisk aktivitet

 

Spelemiddelsøknad 2025

Du søkjer via www.anleggsregisteret.no På denne sida finn du informasjon du treng for spelemiddelsøknaden

  • vilkår og krav
  • søknadsprosess
  • dokumentasjonskrav
  • hjelp til utfylling

Søknaden vert først behandla av kommunen, med frist 1. november, før kommunen vidaresender den til fylkeskommunen. 

 

Søknadsskjema

Søknadsskjema er elektronisk og du må nytte din personlege Bank-ID for pålogging. Trykk på “Logg på skjema” for å logge inn på søknadsskjema: 

Anleggsnummer

For å sende inn spelemiddelsøknad må anlegget må vere registrert i anleggsregisteret av kommunen. Ved oppføring av nytt anlegg må den enkelte organisasjonen sende informasjon om anlegg/prosjekt og med om anleggsnummer til e-post: ingrid.heieren@stryn.kommune.no 

 

Handlingsprogram

Kommunedelplan for kultur, idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2021 sitt handlingsprogram for idrett, syngleggjer behov og prioriterer anlegg som skal ha tildeling av spelemidlar. Handlingsprogrammet vert rullert årleg og nye anlegg kan spelast inn. For å kunne søkje om spelemidlar er det eit vilkår at anlegget/prosjektet ligg i handlingsprogrammet for idrett. Frist for å sende innspel er 1. september. 

Alle lag og organisasjonar må sjå gjennom tidlegare vedteke handlingsprogram for å vurdere om sine anlegg/prosjekt framleis er aktuelle. Tiltak som allereie ligg i handlingsprogram vert vidareført om det ikkje er sendt inn melding om endring. 

Innspel til handlingsprogram må innehalde:

  • Informasjon om prosjektet (oppstartsplan, ferdigstilling, kostnadar osv - så mykje info som ein har)
  • Kven spelar det inn, er anleggseigar og skal gjennomføre prosjektet?
  • Kvar skal anlegget ligge?

 

Frist for innspel til handlingsprogram er 1. september

Skriftleg innspel sendast til: Stryn kommune, Tonningsgata 4, 6783 Stryn

E-post: postmottak@stryn.kommune.no 

Merk med/emnefelt: Innspel til handlingsprogram idrett 2025-2028

 

Godkjent søknad, men ikkje tildeling?

  • Hugs å fornye søknaden
  • Hugs å legge inn eventuelle endringar i prosjektet, økonomiske endringar må dokumenterast med vedlegg

Dersom du fylkte ut søknaden i fjor vil du få opp forslag om å fornye/gjenta søknad etter å ha logga på søknadsskjema. Om nokon andre fylte ut søknaden, men du skal fornye/gjenta, treng du referansenr på tidlegare innsendt søknad og org.nr til organisasjonen du fyller ut søknad for. Etter pålogging på skjema vel du linken “Andre søknader til gjentakelse/fornying” nedst i vindauget som kjem opp, der du skriv inn ref.nr og org.nr.

 

Ta kontakt på epost, ingrid.heieren@stryn.kommune.no ved spørsmål kring spelemidlar eller innspel til handlingsprogram.